Timebestilling Silje/Tone

I ein periode vil me teste å ta bort Silje og Tone på online timebestilling. Grunnen til dette er at dei har begrensa timar tilgjengeleg og ynskjer at desse går til faste kundar.
For å bestille time hjå Silje eller Tone som fast kunde, ta kontakt med salongen, eller direkte med frisøren du ynskjer å bestille hjå.

Nye kundar er hjarteleg velkomme til salongen hjå resten av dei flinke frisørane hjå oss!

STUDENTRABATT

Ut juni månad får du no 20% studentrabatt hjå Malene på klipp og farge/stripebehandlingar. Tilbudet gjeld måndag til fredag mellom klokka 9-15. Du må syna gyldig studentbevis ved betaling.

Som elev på vidaregåande skule kan du også benytte deg av dette tilbudet.

Kampanjen varar ut juni 2024.

OLAPLEX

Olaplex er ein produktserie for seg sjølv og er heilt unik.
Merket starta med å lage produkt kun til salong: no.1 og 2. og med heimebehandling no. 3. Desse produkta var meint å reparere håret medan og etter ein gjorde kjemiske behandlingar. Dette kunne ein med den aktive patenterte ingrediensen som jobbar på molekylært nivå: “bis-aminopropyl diglycol dimaleate”. Eit molekyl som dramatisk forbedrer hårets styrke frå innsida og gir umiddelbare resultat.

Seinare kom shampo (no.4) og balsam (no.5) som begge inneheld det samme molekylet, samtidig som den skånsomt reingjer og fukter håret. I 2022 kom både shampo no.4P (lilla pigmentert) og 4C (djuptrensande).

No.8 er fuktighivande kur som gir ein umiddelbar effekt heime i din eigen dusj.

Pleieserien vart utivda og me fekk desse leave in produkta:
No.6: Leave in smoothing krem som fuktar og roar ned friz.
No.7: Leave in varmebeskyttande olje som er perfekt å blande med no.6.
No.9: Lettvekt varmebeskyttande serum som beskytter fot forureining.

No.0 er eit vatn ein tar i før ein tar i no.3 heime som forsterkar virkinga av no.3.

I salong har me også Chealating treatment som rensar håret i coretex for oppbygging av ulike skadelege molekyl og andre restar av overpigmentering eller produktmed silikonar. Denne skal virke i 15-30 min.
4 in 1 er Olaplex sin pleinade fuktighetskur i salong. Denne er no.8 på “steroidar”, virketid 10 min.

Les meir om kvart produkt i vår nettbutikk.
Velkommen til vårt Olaplexunivers!

MY HAIR MY CANVAS

My Hair My Canvas er ein eigen pleieserie av Alterna. Alsidige produkt med høg ytelse gjer at det å vaske håret i kvardagen til ein augeblink av velvære og eigentid.

Med transformative ingrediensar og fordelane til vegansk botanisk kaviar, løfter dei veganske formlanedin hårpleierutine og gjer det morsomt og uanstrengt å skape vakkert hår!

I denne serien finn du fuktshampo og balsam, volum shampo og balsam, samt ein exfolierande shampo.

I stylingdelen finn du tørrshampo, varmebeskyttande hårspray med hold, våt teksturapray og volumspray, fuktighetskum og ein krem til deg som ynskjer å lufttørke håret.

Herleg og harmonisk duft og gode produkt. Prøv dei hjå oss!

GRAABEIN

Graabein er eit norskprodusert merke frå Karmøy der gründeren faktisk er gift med ei vossajente;) Merket er skapt for mannen med skjegg og me ser at dette er klar favoritt blant våre kunder. Graabein har fokus på høg kvalitet på sine ingredienser.

Du finn oljer og balm for skjegg og hud, skjeggsaks og såpe, kost og kam av høg kvalitet.

ORIBE

ORIBE er luksus og eit merke av svært høg kvalitet. Oribe er formulert uten Sodium Chlorid (salter), men med UV beskyttelse og er trygg for farga og keratinbehandla hår. Serien er utan parabener, men inneheld naturlege og nærende oljer. Oribe signatur complex er ein blanding av edelveis, litchi og vannmelon- ekstrakt, som beskytter og pleier håret.

Oribe "signature fragrance" er ei duft skapt av eit av dei eldste franske parfymehusa, med noter av bergamott, jasmin, og sandeltre. Denne duften finn du i ei rekke av produkta til Oribe, men også som parfymen Côte d'Azur og handkrem. I 2021 kom dei med to ekstra parfymar: Desertland med notar av einebær, jasmin og sandeltre. Valley og Flowers kjem med notar av bulgarsk rose, jasmin og peoner. Nydelege parfymar som alle kjem i stor og liten størrelse. Prøv dei gjerne hjå oss!

Reparerer, styrker ,antifrizz, smoothing glans, eller beachy og rufsete. I dette merket finn du styling og pleie til alle hårtyper og alle ønska resultat.

Oribe kom også med eit eige kursystem som me kan bruke i salongen. To basar som kan blandast med tre ulike typer pleie. Virketid på berre 5(!) minutt. Les meir om Oribe Renewal Remedies der du bestiller time online.

Oribe har blitt ein favoritt her på salongen <3