INFORMASJON OM SMITTEVERNSTILTAK

Kjære kunde, me ynskjer at du sett deg inn i våre smittevernstiltak før du kjem til timen din.

Når du skal til timen din hjå oss vil me
-at du er frisk, eller avbestiller om du har symtom på sjukdom
-held avstand til andre og hoster/nys i albogen
-at du kjem så presist til timen som mulig for å unngå venting.
-ikkje har med følge utanom ved behov
-at du spriter hendene ved ankomst/og når du går
-at du held mobilen i veska/lomma under behandlinga
-at du ikkje tar på produkt du ikkje skal kjøpe
-at du betaler med kort

Me kjem til å
-reingjere alle kontaktpunkt og overflater jevnlig
-desinfisere alt som er i kontakt med kunden, mellom kvar kunde
-Vaske hender mellom kvar kunde
-halde 1 meter avstand mellom andre i salongen
-bruke nødvendig beskyttelsesutstyr
-ellers følge alle retningslinjer frå FHI

Me kan i denne tida ikkje presse inn behandlingar som ikkje er forhåndsbestilt, då me har strenge reinholdsrutinar mellom kvar kunde og må vera klar til neste kunde kjem.

Me får dessverre ikkje halde dykk med blader og servering, men gjerne ta med deg eige lesestoff/strikketøy og noko å drikke.

Me ser oss nødt til å ta eit hygienetillegg på kr 50,- pr kunde i den tida me er under desse pålagte tiltaka.

Me gler oss til å sjå deg<3
Artikkelbilde - INFORMASJON OM SMITTEVERNSTILTAK

Flere nyheter