Hilde er opprinneleg frå Voss/Dyrvedalen. Dei siste 15 åra har ho budd og jobba i Oslo. Hilde tok sveinebrevet i 2006 og har gjort mykje spanande på frisørreisa si. Ho har jobba innan teater, film og tv, musikkvideoar og visningar.
Hilde er ei sprudlande dame som likar best å jobbe i salong med faste kundar. Ho er dyktig på stripeteknikkar og store endringar. Ho likar å spesialtilpassa frisyrar og fargar til gjesten i stolen.
Hilde gler seg til å helse på nye kundar her på Voss og du får sjansen til å tinge time hjå ho ei veke i mai og ei i juni før ho startar skikkeleg i midten av august.