Sommar på KAMI
Publisert 14/06/2024

Frå 1.juli vil me starte med sommaropningstider på salongen. Du finn oss kvar vekedag mellom klokka 9 og 16. Det vil vera ope kveld og helg etter avtale.

I år vil me prøve noko nytt og ha stengt to veker i sommar. Det blir stengt salong veke 29 og 30 (15.7-28.7). Elles må du snakke med din frisør om når ho/han er på jobb i sommar.

Ynskjer alle ein god sommar med kvilepuls og late dagar!

Flere artikler