Kjemisk behandling som gravid
Publisert 26/07/2024

Me får mange spørsmål om det er trygt å farge/stripe eller ta keratinbehandling som gravid.
Du kan med tryggheit farge/stripe som gravid i Noreg. Det er veldig lite av stoffa som trekker inn og kjem fram til barnet.
Når det gjeld keratinbehandling kan dette vera ulikt frå merke til merke, men den me bruker er også heilt trygg.
Planlegg dine frisørbesøk i svangerskapet med din frisør.

Hårfarge og striper kan reagere annleis under eit svangerskap grunna hormonane. Hårfarge kan av og til ikkje dekke like godt. Men dette er heldigvis ikkje ofte me ser.

Les meir om dette på linken under.

Flere artikler